torsdag 26. januar 2012

Skal det vere ei veske?


I forbindelse med Gave og interiørmessa på Lillestrøm i helga, var eg i går på plass for å hjelpe Siri ei venninde av meg med å style standen til det nye varmerket hennar
 SB- Siri Brodersen.
Flinkaste Siri designar dei finaste skinnvesker, pungar, handlenett og klær!
Om du er på messa i helga må du stoppe innom å sjå den finaste standen i hall B, samt dei lekre veskene til Siri!


søndag 22. januar 2012

Søndag=Ranunkelskriveritid

Det er ranunkeltid!
Og her i heimen er det i stor grad Ranunkelsøndag...
Denne dama sit nemleg å strevar med å få ferdig ein ranunkeltekst som skal vere ferdig, klappa og klar i morgon!
Resten av saken, teksten og det heile kan de glede dykk til å sjå i neste nummer av
 ROM 123!

fredag 20. januar 2012

Jobbejobbejobbedama & the king!


Denne veka har bydd på mange spennande jobboppdrag og fine menneskemøter!
Og så har eg vore så heldig å få fotografere sjølvaste kongen av alle!
Eg og Trine Thorsen var heime hjå kunstnaren Gro Mukta å fotograferte den fargerike leilegheita hennar på Lilleborg. Der vart me møtt av sjølvaste Elvis på kjøkkenveggen!
Nydelege fargar og eit blikkfang som finn vegen rett til hjartet!
Sukk, den som hadde vore så heldig å hatt dette bildet på veggen...
Gled dykk til å sjå vakre Gro og leilegheita kome på trykk!

I dag har eg hatt sjølvaste NIBfrøknene  på besøk på Løkkaloftet.
Takk for hyggeleg besøk damer, kom gjerne igjen på Løkkautflukt og te på furukjøkkenet!



onsdag 18. januar 2012

Hyacinth i januarsol!



Fotograf Inger Marie Grini og eg har atter ei gong hatt ein herleg og inspirerande arbeidsdag ute i det fri!
Denne nydelege og kalde januartysdagen har me jobba langs Akerselva nermare bestemt Frysja!
I dag var lyset heilt magisk og det blinka i snøkrysstallar på tre, greiner og i snøen...
Frosten stod opp som tåke over Akerselva og to fornøgde frøkner (som forøvrig var meget godt kledd for anledningen), var like fornøgde om ikkje meir då dei etter ein lang og kald arbeidsdag sette punktum for svibelsesongen i år...

Gled deg til resultatet, eg kjem nermare tilbake til kvar og når!
I mellomtiden kan du glede deg over "snapshotsa" mine frå Iphonen...

fredag 13. januar 2012

Ranunculusshoot!




På sjølvaste fredag den 13, har tre damer hatt ein super, frisk og herleg arbeidsdag i eit kaldt men vakkert drivhus!
Januarsola varma oss heldigvis i ny og ne og alle var einige om at ranunklar er vakre i kalde kulissar med kram snø og rustikke detaljar!

torsdag 12. januar 2012

Bartefest!

 


              I mangel på eigen bart, lagar me oss våre eigne bartar på Løkkaloftet!
                                God torsdagskveld!

onsdag 11. januar 2012

Januarpalett...


Vakna opp til herleg januarsol og lukta av nytrekt kaffi i dag...
Her er det skriverier på ein deadline som skal inn i slutten av veka!
Litt rart å sitte å skrive vårsaker midt på vinterstid, men litt fint er det og å kunne jobbe med noko som får deg til å tenke framover og glede seg til lysare tider!
I dag er det januarfargar i heimen i dus palett...

søndag 8. januar 2012

Julekulerydd!


Noko vemodig og noko forfriskande er det å å rydde jula ut...
Etter ei veke med etterdønning av juledaffheit er det berre å brette ermane opp og ta fatt på eit godt og friskt nytt år!
Litt synd er det likevel å pakke ned julekulene, dei er jo så fine der dei heng...

Hei og hopp!
God søndag der ute!