mandag 26. april 2010

Mandag, den siste i april....











Ei ny innholdsrik loppehelg er over. Sliten i både hovud og bein, men er klar for ei ny veke!
Her kjem bilder av nokon av helgas kupp og nokon frå forrige helgs kupp!
Fekk tak i 3 slike fine globusar på ulike auksjonar forrige helg, og er strålande fornøgd med det :)
I dag er det mandag og ny veke, om nokon timar skal bestyrerinna ut på noko ho aldri har gjort før... Slike utfordringar likar eg!
Fredag vart eg ringt opp av ei dame som ville ha meg på stemmeprøve. Nokon hadde tipsa om bestyrerinna si Sognedialekt... he he. Visste ikkje om eg skulle grine eller le, men eg skal ihvertfall på stemmeprøve for ein ny reklame om nokon få timar!
Spennande og kjekt!


fredag 23. april 2010

peach weekend...






Ei ny loppishelg er rundt svingen, og eg gler meg! :)
For dykk som ventar på bilder frå forrige helgs loppiskupp, er dei rundt svingen... Eg har vore kameralaus nokon dagar:(
Ynskjer dykk alle ei riktig god helg med ferskenfarga tonar i kunst frå Pia Villefrance og blomar, og ynskjer meg snart litt varmare vær så eg kan starte plantinga på terrassen! Magnoliatreet mitt har verdens minste knuppar endå, men eg er så uendeleg glad for at det
overlevde den kalde vinteren!
PS: Følg med, Purpur har 3 års dag i desse dagar... me skal feire med "BURSDAGSBASAR" på bloggen!!!



onsdag 21. april 2010

VØLT


















For dykk som har vore kundar i butikken sidan me åpna for tre år sidan, har de kanskje lagt merke til dei vølte barnekleda i naturmaterialer og strieputene eg har hatt. Frua bak desse flotte redesign varene er skjønne Heidi Bjørnsdotter. Eg er så glad i dei fine tinga ho lagar i lin, bomull og ull.
Sjekk ut den fine heimesida hennar her www.vølt.no

lørdag 17. april 2010

Dagens fangst...



Puhh... vel heime etter dagens loppisstafett, er bestyrerinna godt fornøgd med supre kupp!
Trur me har vore på 7 loppis i løpet av dagen, og eg har funnet fleire skattar på auksjon og elles...
Her kjem nokon av stoffskattane og teppedynene eg kapra i dag, i morgon kjem fleire bilder av møblar, og andre kupp me har gjort!
Ha ein god laurdagskveld, no skal det sittast med beina høgt! :)


fredag 16. april 2010

Loppishelg, sol og nye varer!





Denne helga har eg gleda meg til lenge....

Dette må vere den største og beste loppishelga denne våren, og eg har kjent loppisnerva krible i kroppen dei siste dagane...nokon som kjenner seg igjen???
I dag har eg lina opp ein slagplan og kjøyreliste.... (det må ein erfaren loppisgjengar ha)!
Elles kosar me oss i sola på løkka, og det er komen fleire nye vårvarer i butikken!
God loppishelg til alle lopparar der ute :)))










tirsdag 13. april 2010

Sol ute, sol inne, sol i sinnet....








Vakna opp til atter ein vårdag bada i sol i dagtidleg.... Er det ikkje herleg?
Gledar meg over dei fine månadane me har i vente, og vårkriblinga er komen inni meg! Sit å ryddar i bilda mine, før eg må ta fatt på kontorarbeid.... (Belønninga er ein tur på Panduro seinare i dag)! Fann nokon bilder frå i fjor vår som eg viser dykk her...
I går vart den første eingangsgrillen tent i Birkelunden og parkane på Løkka vart atter ei gong ovrfyllt med "vårkåte" og livsnytande byfolk, mens grillukta helste på oss i kjent stil i døråpninga på Purpur!
Herrrleg..... ;)


søndag 11. april 2010

Litt av kvart frå Purpurverda....






Med vårsola i nakken her eg sit, og varme og trøytte bein etter helgas loppistokt, legg eg ut nokon bilder av nye puter og papir frå Rie Elise, helgas stoff funn frå loppis og nokon nye retroposar eg mekka på fredag kveld! :)






tirsdag 6. april 2010

Utdrag frå påska!








Etter mange deilige dagar på fjell og langs fjord, er ei perfekt påske med familie og venner over for denne gong...
Her er nokon glimt frå påska med heimelaga påske egg, gigantsnømannen ( som pynta seg med purpurprikka flosshatt i påska) og heimelaga "Ronjapåskepynt".


No er kvardagen her att, og snøen er nesten heilt vekk... HERLEG!!!


God tysdag til alle!